SILJE – eit namn med historie

Dato: 1 Okt 2025

I jubileumsåret 2025 hentar vi fram att SILJE – namnet på vår aller fyrste modellserie. Eit symbol på stoltheit og tradisjon som bind saman fortid og framtid, og som no kjem tilbake i ny drakt.

Den aller fyrste modellserien frå Linn Bad heitte SILJE. Når vi no markerer 50 år med design, kvalitet og utvikling, er det naturleg å løfte fram att dette namnet. SILJE minner oss på kor vi starta – og alt vi har fått til gjennom fem tiår med hardt arbeid, innovasjon og handverk.

SILJE er meir enn eit namn. Det er eit baderomsmøbel som kombinerer tidlaus design med solid handverk. Utført i eksklusiv eikefiner og heiltre får du eit møbel med djupne, karakter og varme – der kvar detalj er nøye gjennomtenkt.

Naturmateriala gir eit levande uttrykk, medan dei reine linjene og funksjonelle løysingane gjer at SILJE passar perfekt inn i både moderne og klassiske bad.

SILJE er leveringsklar frå 1. november, og då vil serien ligge på våre nettsider

Linn Bad AS – kortreist, norsk kvalitet i 50 år

Brosjyrer 2025 her