Vartdal Veggsystem er tilgjengeleg i høgde 600mm / 300mm
Det optimale byggjesystemet for grunnmur og vegger. Vartdal Veggsystem er eit system for grunnmur og vegger i bustadhus, industrilokale, landbruksbygg, kjølerom m.m. Vartdal Veggsystem er forskalingselement som vert stabla som byggjeklossar. Etter støyping med betong framstår veggen ferdig med tosidig isolering.
Fordelar som:
-Kuldebrubrytar mellom blokker som standard
-Drenering av vatn i knastesystem som standard
-Knastebeskyttar
-Passiv Plus+ blokk, tilgjengeleg i system (U-verdi 0,10)
Vartdal Veggsystem:
- Breidde 350 mm, høgde 600 mm eller 300 mm og lengde 1200 mm
- Integrert plastbindar (kvar 150) fungerer som spikarslag eller feste for innvendig/utvendig
- Komplett system med ferdige hjørneløysingar
Neopor er løysinga Vartdal Plast er leverandør av Neopor. Neopor er eit heilt nytt materiale av EPS som inneheld små grafittpartiklar som reflekterer varmestråling og gir materiale ei sølvgrå, skinande overflate. Isolasjon laga av Neopor isolerer 20 % betre enn tradisjonell og farga EPS. Fordelen er slankare isolasjon, meir solid kjerne av betong og likevel marknadens beste U-verdi!