Vartdal Plast var den første leverandøren av Neoporgrafittplater i Noreg inneheld små grafittpartiklar som reflekterer varmestråling og gir materialet ei sølvgrå, skinande overflate.
Materialet absorberer og reflekterer infraraude strålar som minkar varmeleiingsevna drastisk. Slik kan isolasjon laga av Neopor® vere 20 % tynnare enn standard isolasjon laga av Styropor®. Dette er grunnen til at moderne Neopor® eignar seg langt betre enn andre materiale til isolasjon. Fasadeisolering med 20 % betre isoleringsevne enn ordinær eps!
Fasadeisolasjon av Neopor gir eit sunt og komfortabelt bumiljø. Ein sparer energi og unngår store temperatursvingingar og sprekker i utvendige overflater. Med bruk av Neopor® kan ein oppfylle dei auka krava i byggforskriftene utan å auke isolasjonstjukkelsen. Dette bidreg til betre logistikk og det vert mindre volum å handtere. Flate tak er svært utsette for høge termiske belastningar. Neopor® vernar taket mot desse påkjenningane og gir eit konsekvent høgt termisk vern.
Slankare, energisparande og like berekraftig som tradisjonelle vegger. Med Ne...
Slankare, energisparande og like berekraftig som tradisjonelle vegger. Med Ne...
Slankare, energisparande og like berekraftig som tradisjonelle vegger. Med Ne...