Avansert søk
Førde Granitt AS

Førde Granitt AS : Handmurstein

Handmurstein er godt eigna til mindre hagemurar, støttemurar og forblending. Ein handbygd granittmur er eit vakkert innslag i einkvar hage!
Hoggen stein med rektanguler form. Høgda varierer frå ca. 8 -20 cm. Kan bruke handmur med liggeflate 25 – 30 cm. Ved smalare mur kan breidda på stein reduserast til eks. 20 cm. Muren monterast med betongkjerne.

2012-08-10

Førde Granitt AS : Handmurstein






Forblending

Førdegranitten livar opp fasaden på din drøymebustad!

Stein som er spalta ned til 6 – 10 cm tjukne, må monterast med fuger. Stein med tjukne 10 – 15 cm kan murast tørt med bakstøyp eller også fugast. Vert brukt som brystning og fasade, og på veggar der det ikkje er så god plass eller til forblending av eksisterande veggar.

Vert levert på palle.






Trapper

Trinn i massiv stein er ein rimeleg måte å bygge trapp på. Kan monterast på singel eller støypast fast. Ved lengre trapper råder vi til å støype. Før montering må underlaget vere drenert og frostsikkert.
Trinna har saga eller flamma overflate som gir naturleg utsjånad og god sklisikring.

Kunden kan sjølv velje trinnlengde, med breidde (råtrinn før legging) om lag 37 cm. Høgd 17 cm.

Repos, lange trinn og trinn for svingtrapp blir laga på bestilling. Produkta vert levert i alle typar stein som er på marknaden.

Trapper kan også leverast prefabrikert som byggesett.


Klikk her for mer informasjon